Bergh & Ellefsen var eit norsk prenteverk i Kristiania, med adresse Kongens gate 10. Prenteverket tilhøyrde Nicolai Johan Bergh (1820-1875) og Ferdinand Ellefsen (1816-1898), begge fødde i hovudstaden. Verksemda deira var i drift frå 1850-åra, truleg til det i 1880 vart kravd tvangsauksjon over ei presse i Ellefsen sitt prenteverk i Akersgata 48.[1]

Bergh & Ellefsen er framom alt kjent for å ha trykt dei fire fyrste årgangane av vekeavisa Dølen. I 1865 kom vekeavisa Norsk Handelstidende frå prenteverket og i 1877 vekeavisa Haandverkeren. Ein er elles kjend med at prenteverket trykte publikasjonar forfatta, eller formidla, av karar som Bernhard Dunker, Bjørnstjerne Bjørnson og Peter Christen Asbjørnsen. Også opptrykk av skillingsviser, ulike typar flygeblad og enkelte offentlege dokument finst att etter verksemda.

Kjelder endre