Biała

(Omdirigert frå Biala)

Biała er elv sør i Polen og ei av sideelvane til Wisła frå høgre. Ho har kjelda si i Dei schlesiske Beskidane i sidene til fjella Klimczok, Szyndzielnia og Magura i ei høgd på om lag 800 meter over havet. Dei viktigaste landsbyane langs breidda er Bystra Śląska, Bielsko-Biała og Czechowice-Dziedzice.

Biała
elv
Biała River.JPG
Biała i Bielsko-Biała
Land Flag of Poland.svg Polen
Nedslagsfelt 139 km²
Lengd 28,6 km
Kjelde Dei schlesiske Beskidane
 - høgd ~800 moh.
Munning Wisła

Biała
49°56′52″ N 19°1′35″ E
Wikimedia Commons: Biała (river)

I mange hundreår var ho ei grenseelv mellom dei historiske landa Schlesen og Veslepolen. Frå 1316 danna ho grensa mellom hertugdøma Cieszyn og Oświęcim, og seinare mellom Polen og dei historiske tsjekkiske landa. Ho skil Cieszyn-Schlesen frå Veslepolen.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Biała

KjelderEndra