Bifili
(Omdirigert frå Bifil)
Bifili gjeld personar som kjenner seksuell dragnad til begge kjønna, til skilnad frå heterofili og homofili.
Menneske med denne legningen kjenner ein viss dragnad til sitt eige kjønn. Bifile utgjer etter utrekningane til Alfred Kinsey om lag 20 % av mennene og 10–15 % av kvinnene. Som regel gjeld ein klar preferens til det eine kjønnet. Det er sjeldan dragnaden til det eine kjønnet er like sterk som til det andre.