Bifurkasjon
Sjå òg anatomisk bifurkasjon
Ein bifurkasjon, gaffeldeling, er i geografisk tyding ei forgreining av ei vasskjelde til to eller fleire elver. Det skjer når
- ei ny elv bryt ut og forlèt hovudelvelaupet, som når Tärendöelva i Sverige bryt ut frå Torneelva og endar i Kalixelva nær Junosuando eller når Casiquiarekanalen i Venezuela bryt ut frå Orinoco og endar i Rio Negro
- når ein innsjø eller eit myrområde har meir enn eitt utlaup, som i dømet Lesjaskogsvatnet som er kjelde til Rauma og til Gudbrandsdalslågen.
Kjelder endre
- Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon, 4. utgåve, 2005-07
- Caplex artikkel bifurkasjon