Bindingsteori er læra om korleis ulike typar nomenfrasar kan og ikkje kan vera koreferente med ein annan nomenfrase innanfor ein og same frase eller setning. Leddet som viser til eit anna er bunde av leddet det er koreferent med, dette leddet er bindaren. I bindingsteorien er ein anafor ein konstituent som vere bunde. Pronomen, på si side, kan, men må ikkje, vere bunde. Setninga Far bad oss rydde opp etter han er tvitydig, han kan vere koreferent med, og dermed bunde av far, men det kan også vere fritt, dvs. hente referansen sin frå konteksten.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.