Biskopskulla kyrka

Biskopskulla kyrka er ei kyrkje i Örsundaåns dalføre i Enköpings kommun i Sverige, om lag ei mil nord for byen Enköping i Uppland. Dei eldste lutane av kyrkja, som er dei indre partia av den nordre muren skipet og dei nordre og søndre murane av eit smalare kor enn det noverande, skriv seg frå 1100-talet. I Statens historiska museum i Stockholm er det broderi frå 1100-talet frå mellom anna eit antependium frå Biskopskulla kyrka. Broderia er utført i ein eigenarta teknikk, sydd i gull på brodert sølvbotn, og framstillar hendingar frå Kristi liv i 24 sirkulære scener.

Biskopskulla kyrka.

Kyrkja har vorte mykje endra seinare. Det noverande koret vart bygd ein gong i tida 1250-1350 i samband med at kyrkja vart lengd mot aust, og det vart då òg bygd sakristi med tønnekvelv. På 1400-talet vart det bygd ribbekvelv i alle dei andre romma, bygd våpenhus og måla kalkmåleri i tak og på veggar i koret og skipet. Ved ei ombygging i 1741 fekk kyrkja det noverande eksteriøret med valma saltak, tårnet vart gjort høgare og fekk den noverande tårnhetta. Ei gjennomgripande restaurering og istandsetting i 1954-55 innebar at kyrkja fekk nytt golv, nytt altar med ein enkel kross i eik, nye benkar, og at dei gamle kalkmåleria som hadde vorte overkalka i tidas løp, var brakt fram att i dagens ljos.

Bakgrunnsstoff endre