Bispelue
Bispelue, bispehue/huve eller mitra er eit hovudplagg brukt av biskopar og geistlege med tilsvarande status i ulike kyrkjesamfunn.
Bispelua brukt i den katolske og den anglikanske kyrkja har to stive spisse stykke framme og bak og to band som fell ned over nakken. I den ortodokse kirke har ho form som ei krone. Begge kan ha utvikla seg frå eit enkelt diadem eller panneband av metall. Det greske ordet mitra tyder eigentleg 'hovudband' eller 'belte'.[1]
-
Katolske biskopar under det andre vatikankonsilet.
-
Tre katolske erkebiskopar i Colombia.
-
Russisk-ortodoks biskop med bispelue.
-
Anglikansk biskop med bispelue.
-
Episkopalske biskopar med bispeluer.
-
Ein luthersk biskop med bispelue.
-
Armensk bispelue frå 1700-talet.
-
Armensk bispelue frå 1800-talet.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Bispelue» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 4. juni 2017.