Bjærangfjorden
66°45′25″N 13°44′16″E / 66.75694°N 13.73778°E Bjærangfjorden er ein fjordarm av Skardsfjorden i Meløy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 9,5 km austover til Bjærangen i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom grendene Saura i nord og Halsosa i sør. Andre grender innover i fjorden er Oldra og Kjelddal på nordsida.
Fv452 går langs dei indre delane og på nordsida av fjorden.