Bjørn Nistad
Bjørn Ditlef Nistad (fødd 21. februar 1964) er ein norsk idéhistorikar, samfunnsdebattant og sakprosaforfattar med Russland som sitt interessefelt.
Bjørn Nistad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. februar 1964 (60 år) |
Yrke | historikar, skribent |
Nistad har doktorgrad frå 2008 i russisk idéhistorie, og har tidlegare vore stipendiat ved Universitetet i Oslo, men er no ikkje knytt til nokon forskingsinstitusjon. I doktorgradavhandlinga, som hadde tittelen Petr Tkačev og V. I. Lenin – to representanter for en russisk «jakobinsk»-«blanquistisk» politisk tradisjon?,[1] samanlikna han den politiske tenkinga til desse to russiske bolsjevikane, Petr Tkačev og Vladimir Lenin.
Bøker
endre- Russlands redningsmann : en politisk biografi om Vladimir Putin, Oslo 2016, Vidarforlaget. ISBN 978-82-7990-309-3
- Eldre russisk idéhistorie : fra middelalderen til opplysningstiden, Oslo 2015, Vidarforlaget. ISBN 9788279902386
- Russisk politisk idéhistorie fra opplysningstiden til idag, Oslo 2004, Solum Forlag. ISBN 8256014466
Kjelder
endre- ↑ Avhandling (ph.d.) i serien Acta humaniora, nr. 345 (trykt utgåve, kan òg lesast på internett), Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo - Unipub, Oslo 2007 [2008]