Black Coast
Black Coast er den delen av austkysten av Den antarktiske halvøya mellom Cape Boggs og Cape Mackintosh. Denne ksyten vart oppdaga og fotografert frå lufta av medlemmar av East Base frå U.S. Antarctic Service, 1939–41, på ein flytur den 30. desember 1940. Det sørlegaste punktet som ein nådde var Wright Inlet ved 74 °S, men ein kan sjå detaljar så langt sør som Bowman Peninsula på flyfotografia som vart teken under flyturen.
Black Coast vart kalla opp etter kommandør (seinare admiral) Richard B. Black, U.S. Navy Reserve (1902–92), leiaren for flyturen den 30. desember og øvstkommanderande på East Base.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Black Coast» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Black Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).