Blackjack er eit hasardspel med kort der ein eller fleire personar som speler mot ein «bank» (personen som deler ut korta). Kvar spelar får to kort og kan forlange ytterlegare så mange han vil. Det gjeld å få korta sin samanlagde verdi så nær 21 som mogeleg utan å overskride dette talet; den som har høgast verdi av spelaren og banken vinn. Biletkort tel som ti, ess eitt eller elleve, dei andre har den vanlege verdien sin.[1]

Referansar endre

  1. «Blackjack». Store norske leksikon. Henta 16. oktober 2012.