Blandingskorrosjon

Blandingskorrosjon er ein korrosjonsprosess i karst som oppstår der vassmassar av ulikt opphav blir blanda. Fenomenet bidreg til å forklare kvifor karstholer i det heile kan dannast på stort djup, der grunnvatnet eigenleg skulle ha kome i kjemisk likevekt med bergmassen og ikkje lenger verke korroderande.

Føresetnaden for blandingskorrosjon er at dei to vassmassene har hatt kontakt med miljø med ulikt innhald av karbondioksid (CO2). Dette kan skje ved at den eine vassmassen har infiltrert gjennom jord, som har relativt høgt innhald av CO2, og den andre ikkje. Når desse vassmassene flyt gjennom tronge sprekker, vil dei snart kome i kjemisk likevekt med kalksteinen og ikkje lenger virke utvidande på sprekkene. Men dersom desse to vassmassene blir blanda der sprekkesystemene kryssar kvarandre, vil kjemiske reaksjonar frigjere CO2, slik at vassmassen på nytt kan tære på veggene og danne hòler.

Blandingskorrosjon vart først skildra av vassverksingeniørar som hadde lagt merke til at kjelestein (utfelt kalsiumkarbonat inni varmtvasssrøyr) hadde vanskelegare for å bli danna nedanfor samanføyinga av to røyrleidningar.

Kjelder

endre