Blies
Blies er ei elv sørvest i Tyskland (Saarland) og nordaust i Frankrike (Moselle), og er ei av sideelvane til Saar frå høgre. Blies har sitt utspring frå tre kjelder i fjella Hunsrück nær Selbach i Tyskland. Ho er om lag 100 km lang, og munnar ut i Saar ved den franske byen Sarreguemines. Ho renn gjennom St. Wendel, Neunkirchen og Blieskastel (ein av fleire hundre landsbyar kalla opp etter elva). Den nedre delen av elva dannar grensa mellom Frankrike og Tyskland.
Blies | |||
elv | |||
Blies ved Bliesbrück
| |||
Land | Tyskland, Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 960 km² | ||
Lengd | 99,5 km | ||
Kjelde | Saarland | ||
• høgd | 430 moh. | ||
Munning | Saar | ||
Blies 49°31′47″N 7°02′46″E / 49.529722222222°N 7.0461111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Blies |