Blinde nattergaler

Blinde nattergaler er ei diktsamling skriven av Gunvor Hofmo som vart gitt ut i 1951.[1][2] Boka er delt inn i tre delar med 31 dikt totalt. Bokomslaget er illustrert av Johnny Halvorsen. Dette er den tredje boka Hofmo gav ut. Byrjinga og tittelen refererer til nattergalar. Augo deira har vorte gravne ut og dei må dermed alltid synga om smerte. I Blinde nattergaler skjer det ei merkbar forandring i språket. Sorga etter å ha tapt ei venninne kjem synleg fram.[3] «Den vage, ubestemmelige ungpikemelankolien ble hard, konkret sorg».[4]I eit av dikta uttrykkjer ho synet sitt på menneske og Gud, der ho vender seg med ryggen mot ei verda der menneska har mista æra si. Ho skildrar også Gud som den skyldige for at menneske er blinde.

Kjeldeliste

endre
  1. «In the Maternal Arms of the Cosmos», Nordic Women's Literature (på engelsk), 21. januar 2012, henta 9. januar 2019 
  2. Hofmo, Gunvor (1951), Blinde nattergaler: dikt, Gyldendal, henta 9. januar 2019 
  3. «Poesiens pris», Dagbladet.no (på norsk), 24. november 1997, henta 9. januar 2019 
  4. Andersen, Per Thomas (20. desember 2017), 6 After Honor (på norsk), ISBN 9788215029566, arkivert frå originalen 9. januar 2019, henta 9. januar 2019