Bmahray
Bmahray (òg kalla Bmohray) er ein landsby i Aley distrikt i Libanon. Han ligg 41 km søraust for Beirut i ei høgd på 1215 meter over havet.[1]
Bmahray | |||
بمهريه | |||
landsby | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Aley distrikt | ||
Høgd | 1 215 moh. | ||
Koordinatar | 33°45′28.2564″N 35°43′4.929″E / 33.757849000°N 35.71803583°E | ||
Areal | 23,6 km² | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Bmahray 33°45′28″N 35°43′05″E / 33.757849°N 35.71803583°E | |||
Kart som viser Bmahray.
| |||
Wikimedia Commons: Bmahray |
Demografi
endreInnbyggjarane i Bmahray er hovudsakleg maronittisk med grupper av drusarar og gresk-katolikkar. I kommunevalet i 2010 var det registrert 1018 veljarar.,[2] I landsbyen står St. Georg maronittiske kyrkje og ein drusisk khalwa.
Geografi
endreBmahray ligg på vestsida av Libanonfjella. I følgje det nasjonale utviklingssenteret (Localiban) hadde landsby eit totalt kommuneareal på 23,6 kvadratkilometer.[1]
Arkeologi
endreBmahray har ruinar av romerske monument og ein steinsarkofag.[3]
Økonomi
endreFør den libanesiske borgarkrigen var hovudnæringsvegen til landsbyen hagebruk, særleg epledyrking. Mangelen på vatn til kunstig vatning har gjort at dette ikkje har vore mogeleg å ta opp att desse næringsvegane.[3]
Miljø
endreBmahray var ein av dei første landsbyane som vart ein del av Shouf seder biosfærereservat. Her finst ein million kvadratmeter med sedertre og minst tre millionar kvadratmeter med furutre.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bmahray» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Centre de ressources sur le développement local au Liban. «Bmahray». Centre de ressources sur le développement local au Liban. Henta 21. august 2014.
- ↑ «الإنتخابات البلدية والاختيارية 2010» (PDF) (på arabisk). information-international. Henta 21. august 2014.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Bmohray». shoufcedar. Arkivert frå originalen 17. oktober 2013. Henta 21. august 2014.