Bodø kyrkje (1888–1940)

tidlegare kyrkje i Bodø

Bodø kyrkje var ei kyrkje i Bodø by i Nordland fylke. Dette var ei nygotisk langkyrkje i tre som vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan og innvigd den 6. januar 1888. Kyrkja brann ned den 27. mai 1940 då Bodø vart bomba.[1]

Kyrkja på eit postkort frå tidleg 1900-tal
Foto: Frå Riksantikvaren si samling

Kyrkja hadde vesttårn med trappehus på kvar side, og koret var polygonalt avslutta. Kyrkja fekk altartavle i 1899 i form av ein kopi av Carl Bloch sitt bilete Christus Consolator måla av Christen Brun.[2]

Etter krigen tok det nokre år før Bodø fekk ny bykyrkje. Sør-Hålogaland bispedøme vart oppretta i 1952, og i 1956 vart Bodø domkyrkje innvigd.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Utstilling om Bodø domkirke 2016
  2. Axel Coldevin: Bodø bys historie (Bodø kommune, 1937), s. 257.

Bakgrunnsstoff endre