Bogen ved Ofotfjorden

Bogen (nordsamisk Birraluokta) er ein brei fjordarm på nordsida av Ofotfjorden i Evenes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 8 km nordover til tettstaden med same namn.

Bogen ved Ofotfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Evenes kommune
Del av Ofotfjorden
Kart
Bogen ved Ofotfjorden
68°28′51″N 17°00′32″E / 68.480833333333°N 17.008888888889°E / 68.480833333333; 17.008888888889
Wikimedia Commons: Bogen, Evenes

Fjorden har innløp mellom Vollen i vest og Foratangen i aust. Bygda Liland ligg heilt ytst i fjorden på vestsida. Her ligg òg Skogøya. I tillegg til Bogen og Liland ligg grendene Dragvik, Lenvik, Austervika, Botn og Fora ved fjorden.

E10 går langs nordsida av fjorden, medan Fv7552 går langs vestsida.