Bogeskyting er skyting med pil og boge. Opp gjennom tidende er bogeskyting nytta både til jakt og krigføring, og ein har hatt ulike bogar og piler til kvart sitt bruk. I moderne tid er bogeskyting framfor alt ein presisjonsidrett. Ein person som praktiserer bogeskyting kallast ein bogeskyttar.

Historikk endre

Bogen ser ut til å ha vorte oppfunnen i slutten av perioden paleolitikum eller tidleg i perioden mesolitikum - i alle høve rundt 10 000 år før vår tidsrekning. Dei tidlegaste teikna på bruk i Europa er frå eit område nord for Hamburg (Tyskland).

Bogeskyting som idrett endre

Bogeskyting er delt inn i fleire greiner, som er dei ulike formene for konkurranse. Det internasjonale bogeskytterforbundet har fastsett reglar for mange greiner, mellom anna:

  • Innandørs (skive)skyting
  • Utandørs skiveskyting
  • Feltskyting
  • Jaktskyting
  • 3D-jakt
  • Skibogeskyting
  • Terrengløp med skyting

I bogeskyting som idrett blir det skilt mellom tre bogetypar, og det er typen boge som avgjer kva for ein divisjon ein skyt i. I 2015 skjøt Per Ivar Pahlm fra Hordaland seg inn som verdensmester under mesterskapet i Italia. Han er dermed nåværende Verdensmester i 3D bogeskyting.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bogeskyting