BokkeReidars Bluesband
BokkeReidars Bluesband er eit åttemanns-band med blåserekke som spelar soul, rythm'n blues og blues på norsk.
BokkeReidars blei starta i Volda i 1983, og er eit av dei lengstlevande bluesbanda i Noreg. Bandet har tre plater bak seg, der dei to første var på engelsk. 2004 var eit vendepunkt for bandet, då det kom med si første norske plate. Sidan då har dei spela soul og blues på sunnmørsdialekt.
I tillegg til studiojobbing er BokkeReidars ofte å høyre på musikkfestivalane her i landet. MoldeJazz, VossaJazz, DølaJazz, Lillehammer Bluesfestival og Olavsfestdagane i Trondheim er nokre av festivalane som har fått besøk av bandet.
Medlemmer
endre- Gunnar Solheim, vokal
- Steinar Høydal, piano/orgel
- Klaus Blø, gitar
- Svein Hunnes, bass
- Terje Hanssen, trommer
- Ivar Kvangardsnes, trompet
- Trond Johnsen, tenorsax
- André Folkestad, trombone