Boliyan
Boliyan (eintal boli) er vers av rimande kuplettar som tradisjonelt er blitt sungne i Panjab.[1] Dei har mellom anna vore brukt som akkompagnement til dansar som bhangra[2] og giddha.[3]
Boliyan kan førast tilbake til skikkar frå Rajasthan der ein førte konflikt ved å ropa eidar mot kvarandre ved landsbyportalar. Ved større konfliktar kunne musikarar synga krigssongar. Etter sigrar kunne ein synga høvessongar for å feira sigeren.[4] Boliyan har vore brukt som akkompagnement til dansar, som bhangra eller giddha, ved feiringar eller medan ein gjer arbeid.[5] Dei er særleg utbreidde ved bryllaup.[6]
Former
endreEi tradisjonell form dei kan ha er som rop og svar, der ein songar byrjar og ein eller fleire andre syng eit svar. Ved dans kan førstesongaren mima til teksten med gester og dei andre dansarane kan dansa og synga ei refreng til svar.[3]
Boliyan kan vera improviserte eller faste tekstar. Teksten i boliyan kan ta for seg nyheiter, arbeidsoppgåver, avlingar og uår, bryllaup og fødslar, livshendingar eller krig. Dei kan spenna frå andelege til grove, uærbødige tekstar.[7]
Ein kan skilja mellomnikian boliyan ('kort, liten') og lambian boliyan ('lang'). Nikian boliyan er danna av to setningar knytte til giddha; den første setningen byrjar og den andre endar songen. Lambian boliyan uttrykkjer ei kjede eller flaum av kjensler, ofte overdrivne.[8]
Boliyan har også fått ei rolle i filmar, ofte som duettar sungne av ein mann og ei kvinne. Panjabifilmen Yaari Jaat Da frå 1984 inneheld til dømes songen «Gur Naal Ishq mitha» framført av Vinod Sehgal og Savita Sathi.[9]
I utvandrarmiljø er stilen og strukturen til teksten og musikken ofte endra og omforma.[10] «Gur Naal Ishq mitha» finst til dømes i remiksa versjonar.[9]
Kjelder
endre- ↑ Walia, Aarohi (2008). Folk Dances of Punjab. Sahibzada Ajit Singh Nagar, Punjab, India: Unistar Books. s. 86. ISBN 9788171426027.
- ↑ Gorlinski, Virginia (3. mars 2010). «Bhangra». Encyclopaedia Britannica. Encyclopaedia Britannica, inc. Henta 18. april 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Pakistan, Islamic Republic of», Grove Music Online (på engelsk), doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.20726, henta 5. juli 2020
- ↑ Sahota 2011, s. 39.
- ↑ Sahota 2011, s. 42.
- ↑ Lyall, Kiran (23. juni 2017), «IT'S BOLIYAN WEEKEND», kiranlyall (på engelsk), henta 5. juli 2020
- ↑ Sahota 2011, s. 41-43.
- ↑ Kaur, Sukhpreet (2017). «Heritage of Punjab: the case study of gidha» (PDF). South-Asian Journal of Multidisciplinary Studies 4 (4): 152–159. ISSN 2349-7858. Arkivert frå originalen (PDF) 6. mars 2021. Henta 5. juli 2020.
- ↑ 9,0 9,1 Sahota 2011, s. 68.
- ↑ Sahota 2011, s. 43.
- Bibliografi
- Sahota, Hardeep (2011), The Search for the ‘Essence’ of Bhangra through Panjabi heritage (Masters thesis, University of Huddersfield)
- Delar av denne artikkelen bygger på «Boliyan» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2020.