Bologoje
Bologoje (russisk Болого́е) er ein by og eit jernbaneknutepunkt i Tver oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg 160 km nordvest for Tver.
Bologoje | |||
Бологое | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
Areal | 120 km² | ||
Folketal | 20 234 (2021) | ||
Grunnlagd | 1495 | ||
• Bystatus | 1926 | ||
Retningsnummer | 48238 | ||
![]() Bologoje 57°52′43″N 34°04′44″E / 57.878721°N 34.078869°E | |||
Wikimedia Commons: Bologoye |
Grunnlegginga av byen vert rekna til 1495, då han vart nemnt første gong i historiske dokument. Namnet «Bologoye» har opphav i Bologojesjøen like ved byen. I 1851 vart Bologoje ein stasjon på jernbanen Moskva-St. Petersburg. Noko seinare på 1800-talet vart jernbanen Rybinsk – Pskov – Vindava lagt gjennom Bologoje, som dermed vart eit viktig jernbaneknutepunkt. Jernbanerelatert industri har medverka mykje til veksten i byen sidan den gong. Bologoje fekk offisiell bystatus i 1926.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2025) |