BonBon
BonBon er eit dansk varemerke som omfattar ein serie med godteriposar av fleire ulike slag. Serien vart etablert i 1985 og vert distribuert i Noreg av Haugen-Gruppen.
Blant dei mest kjende godteriposane som er i sal i dag er Søppeldynga, Kloakkslam og Råtne fisk. Tidlegare på 90-talet var fleire variantar i sal i Noreg, mellom anna godteriposar med namn som Ørevoks, Tissebleier og Hundeprutter. Etter at BonBon vart seld til selskapet Toms i 2001, vart produksjonen av godteriposane med namn som Store pupper og Blondinehjerner stansa.[1]
Kjelder
endre- ↑ «Hvad blev der af de Store Babser?». Berlingske. 26. februar 2003. Henta 14. oktober 2016.