Bondekannibalisme

Bondekannibalisme er ei nemning på strukturrasjonaliseringa i landbruket som inneber at små bruk vert nedlagde og jordressursane og marknadsandelane vert overtekne av nabobruka.

I nemninga ligg ein kritikk av den rådande landbrukspolitikken. Strukturrasjonaliseringa har tvinga seg fram mellom anna fordi nye maskiner gjer det mogleg for bøndene å auke produksjonen, medan bruka ikkje har hatt ledig dyrkingsland og difor har vore nøydde til å kjøpe nabobruk for å utnytte produksjonskapasiteten. Like viktig har det vore at produksjonen i landbruket har auka meir enn etterspurnaden i markanden.

Det er så triveleg å vera på møte i Bondelaget
og sjå korleis folk begjærer sin nestes eigedom.

ein bonde på 1980-talet.

Litteratur

endre

Hans Haga: Færre, men sterkere. Hvordan?, i festskriftet til Norges Bondelag sitt 50-årsjubileum i 1972.