Brønnøy idrettshall

Brønnøy Idrettshall (Brønnøyhallen) er ein av dei to idrettshallane i Brønnøy kommune. Han blir bruka kvar dag av aktive barn, ungdommar, vaksne og eldre. Inne i hallen finst det ei stor bane som kan brukast til mange forskjellige idrettar. Nokre eksemplar er handball, futsal, basket, innebandy, volleyball, badminton og bordtennis. I tillegg finst det eit styrkerom med 15 spinningssyklar, romarskin, tredemølle, og forskjellige treningsapparat. I 2. etasje, same bygg, finst det ei tribune med god utsikt over banen, og ein privat barnehage.

Kart

Bruk av hallen

endre

I hovudsak blir hallen bruka til handball og innebandytreningar, men han blir også bruka til gym og toppidrett i skuletida. I helgene er hallen eit sosialt samlingspunkt for fleire brønnøyværingar og andre idrettsentusiastar frå andre stadar i Norge. Hallen kan også leiast ut til barnebursdagar, konsertar, messar og forstillingar.

Plassering

endre

Hallen liggjar sentralt i Brønnøysund, mellom Brønnøysund vidaregåande skule og Brønnøysund stadion, i Skolegata.