Braathens
Braathens S·A·F·E eller Braathens South American and Far East Air Transport) var eit norsk flyselskap som vart stifta av skipsreiaren Ludvig G. Braathen. Selskapet var i drift frå 1946 fram til det fusjonerte med den norske delen av SAS, som då danna SAS Braathens i 2004. Flyselskapet hadde base på Fornebu utanfor Oslo, for så å flytta til Gardermoen. Selskapet vart i mange år eit av dei største føretaka i Noreg, og hadde saman med konkurrenten SAS eit duopol på flyoperasjonar i landet.
Braathens | |
![]() | |
Skipa | 26. mars 1946 |
---|---|
Hovudkontor | Fornebu |
Oppløyst | 1. mai 2004 |

Diamanten, hovudkontoret for Norwegian Air Shuttle, er tidlegare hovudkontor for Braathens
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Braathens» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2018.