Brahman er i hinduismen namnet på den høgaste røynda, som alt som finst kjem frå. Omgrepet er særleg viktig i Vedanta-filosofien, og i hinduiske sekter med denne som utgangspunkt. Upanisjadane, som er dei eldste tekstane innan Vedanta, skildrar Brahman på ulike måtar. Det er æveleg, endelaust og grenselaust, og er den urikkelege kjelda for alt i allheimen. Brahman er årsaka til verda og alle skapningar. Det finst i alt og over alt, og er det innarste eget for alle vesen.

Forskjellige skular innan Vedanta gjev ulike tolkingar av kva grunnhåtten til Brahman er og kva tilhøvet mellom Brahman og verda er. Advaita-skulen hevdar at Brahman er den einaste sanninga, medan den empiriske verda me oppfattar er ei innbilling, som er fylgja av ei vrangførestelling (maja) som me er fanga i. Brahman er ubrigda være, og har korkje eigenskapar eller personlegdom. Guddomar folk dyrkar, som Visjnu eller Sjiva, er tolka som bilete av Brahman i inbillingsspegelen.

Visisjtadvaita-skulen tolkar Brahman som ein personleg gud, vanlegvis Visjnu. Brahman er dimed ikkje eigenskapslaus, men har kvar mogleg lyteløyse og fullkomenskap. Verda me oppfattar er ei strålande og ærefull ytringsform for dette Brahmanet. Brahman tek to former, den grenselause Guden (som vert kalla Isjvara eller Parabrahman), og den grensa verda (som sjølv tek to former, sjeler eller tsjit og stoff eller atsjit). Tilhøvet mellom desse formene kan samanliknast med tilhøvet mellom sjela og kroppen.

Dvaita-skulen nektar at Brahman og verda kan vera det same. Gud, sjel, og den materielle verda er heilt forskjellige. Brahman er det same som guden Visjnu, som har kvar mogleg fullkomenskapar og sameiner i seg sjølv både være, ånd og lukke. Verda er avhengig av han, av di det er han som skapa verda, og han som gjev kvar sjel fridom til å bere seg åt. Men å samanlikna han med verda er gudsspott.