Brighstone Bay
Brighstone Bay er ei bukt på sørvestkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg sør og vest for landsbyen Brighstone, som ho er kalla opp etter. Ho vender sørvestover mot Den engelske kanalen og har ei kystlinje som er 7 km lang. Bukta strekkjer seg frå Sudmoor Point i nordvest til Artherfield Point i søraust.
Brighstone Bay | |||
bukt | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Del av | Den engelske kanalen | ||
Brighstone Bay 50°38′N 1°24′W / 50.63°N 1.4°W | |||
Wikimedia Commons: Brighstone Bay |
Botn av bukta består av ei blanding av gjørme, sand og skjel. Stranda består stort sett av grus.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brighstone Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2010.