Britt-Marie lättar sitt hjärta

Britt-Mari letter sitt hjerte (svensk: Britt-Mari lättar sitt hjärta) er Astrid Lindgrens debutroman frå 1944. Med den vann ho andrepremien i ei ungjenteboktevling som bokforlaget Rabén & Sjögren hadde utlyst. Ho hadde allereie tidlegare skrive om Pippi Langstrømpe (svensk: Pippi Långstrump), men vorte refusert av Bonnier.

Boka handlar om den kjekke Britt-Mari Hagström som får den gamle skrivemaskina til mor si. «Har ein ei ku må den mjølkast, har ein eit piano må ein spele på det og - minsanna - har ein ei skrivemaskin må ein skrive på henne.» tenkjer ho og skaffar seg brevvenen Kajsa, som ho fortel om livet sitt i ein småby på 1940-talet.