Brixlegg
Brixlegg er ein kommune i Distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 9,1 km² og i kring 3 000 ibuarar. Landsbyen Brixlegg ligg 534 meter over havet.
Eit smelteverk, det einaste koparverket att i Austerrike, er ein viktig arbeidsplass. Elles bidreg tekstilindustri, ein mineralvassprodusent og vinterturismen til næringsinnkomene i kommunen.
Skirennaren Stephan Eberharter er frå Brixlegg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brixlegg» frå Wikipedia på tysk, den 5. juli 2019.