Bronseøksa frå Hannasvik
Bronseøksa frå Hannasvik på Tustna er funne i eit gruslag. Øksa er ei holkøks, men er fragmentarisk. Øksa kan daterast til eldre bronsealder, nærmare bestemt periode III, som strekker seg frå 1300-1100 f.Kr. Bakgrunnen for denne dateringa er at øksa manglar støypte støttelister innvendig i holken.
Øksa ligg i dag ved Vitenskapsmuseet i Trondheim under nr. T13893.
Kjelder
endre- Jan Aakvik. 2000. Med blikket vendt mot sør! Et materialstudie av eldre bronsealder på Vestlandet. Hovedfagsoppgåve i arkeologi. UIB.