Brother Sun, Sister Moon
Brother Sun, Sister Moon Studioalbum av Donovan | ||
Utgjeve | 2004 | |
Innspelt | 2004 | |
Sjanger | Folkemusikk | |
Lengd | 28:16 | |
Selskap | Donovan Discs | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
Sixty Four (2004) |
Brother Sun, Sister Moon | Beat Cafe (2004)
|
Brother Sun, Sister Moon er det 22. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Brother Sun, Sister Moon vart gjeven ut eksklusivt på iTunes Music Store i 2004.
Historie
endreTidleg i 1970-åra gjekk Donovan med på å skrive og spele inn songar for den engelske versjonen av Franco Zeffirelli sin Brother Sun, Sister Moon (1972). Fleire av innspelingane til Donovan var med i filmen, men det påfølgjande filmmusikkalbumet hadde ingen. Fråværet av desse songane gjorde at mange Donovan-tilhengjarar kravde ei offisiell utgjeving av songane.
Dononvan prøvde derfor å få rettane til dei originale innspelingane, men dette viste seg å vere særs vanskeleg. Donovan valde derfor å spele inn nye versjonar av dei originale songane og gje dei ut eksklusivt på iTunes Music Store.
For nyinnspelingane valde Donovan å ikkje gjenskape orkesteret og korvokalen på dei originale utgåvene. I staden for spelar han gitar og syng solo, på liknande vis som på Sutras.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Donovan Leitch.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Little Church» | 3:26 |
2. | «The Lovely Day» | 2:20 |
3. | «Lullaby» | 2:31 |
4. | «Brother Sun, Sister Moon» | 2:02 |
5. | «A Soldier's Dream» | 3:03 |
6. | «Shape in the Sky» | 2:35 |
7. | «Gentle Heart» | 3:52 |
8. | «The Year Is Awakening» | 3:15 |
9. | «Island of Circles» | 2:56 |
10. | «The Lovely Day (Instrumental)» | 2:16 |