Brotmekanikk er ei grein av mekanikk som fokuserer på korleis brot oppstår i eit materiale og eventuelt kan hindrast. Brotmekanikken tek utgangspunkt i at alle konstruksjonsmateriale har sprekkliknande defektar og at ein slik defekt kan føre til brot i konstruksjonsdelen når ein funksjon av djupna på defekten og den nominelle spenninga i konstruksjonen går over ein viss storleik. Denne storleiken er avhengig av eigenskapane til materialet og blir kalla for brotseigleiken til materialet.

Utviklinga av brotmekanikk og måling av brotseigleiken til material går kontinuerleg framover. I Europa er European Structural Integrity Society (ESIS) ein viktig organisasjon for brotmekanisk forsking og utvikling. Brotmekanikken er viktig i dag, ikkje berre i romfartsforsking, men også i forsking om avanserte konstruksjonar der brot kan ha alvorlege konsekvensar, til dømes i behaldarar og røyrsystem i kraftstasjonar baserte på atomenergi, off-shorekonstruksjonar og skipsbygging.

Kjelder

endre

«bruddmekanikk» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.