Bruck an der Leitha

Bruck an der Leitha er ein by og ein kommune i distriktet med same namn i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 23,7 km² og i kring 8 000 ibuarar. Byen Bruck ligg på begge sider av elva Leitha, 156 meter over havet.

Frå midtbyen i Bruck an der Leitha

Største sysselsetjaren i Bruck an der Leitha er ein godterifabrikk, eigd av det US-amerikanske Mars-konsernet.

Kjelder endre