Bruksrett er ein avgrensa rett til å bruke ein fast eigedom som ein ikkje har eigedomsrett til.

Bruksretten kan vere knytt til ein person, som t.d. kan ha vegrett over annan manns land eller rett til å hogge ved i annan manns skog. Slik rett kan òg vere knytt ein eigedom, slik at til eigar eller brukar av eigedommen har t.d. vegrett eller hogstrett på ein annan eigedom. Slike reelle bruksrettar følgjer med når eigedommen som har bruksretten skiftar eigar.

Bruksrettar av ulik karakter endre

  1. Total bruksrett kan ein få ved kontraktsfesta avtaler om tomtefeste, forpakting o.a.. I slike høve kan eigaren ikkje samstundes nytte den delen av eigedommen andre har bruksrett til.
  2. Meir avgrensa bruksrett er dei såkalla positive servituttar, regulert i servituttlova, som gjev rett til ein bestemt bruk på ein annan eigedom. Det kan vere rett til vatn, grus eller ved, det kan vere rett til å ha beitedyr gåande eller rett til å grave ned ei vassledning. Ei avgrensa bruksrett hindrar ikkje eigaren å nytte den delen av eigedommen andre har bruksrett til, men både eigaren og bruksretthavaren må ta tilbørleg omsyn til kvarandre.
  3. Ein negativ servitutt gjev rett til å forby tiltak på ein annan eigedom.
  4. Løysing- og forkjøpsrett er rett til på visse vilkår å overta ein annan eigedom.
  5. Grunnbyrde er plikt for eigar av ein eigedom til å utreie visse utingar for ein annan person. Det kan til dømes vere kårytingar.
  6. Panteretten er òg ein avgrensa rett for annan eigedom. Panteretten gjev panthavaren rett til å selje ein eigedom om han ikkje får eit krav (gjerne eit lån) innan ei viss tid.

Stifting av bruksrett endre

Bruksrett kan verte stifta ved avtale. Servituttlova avgrensar retten til å gjere varige avtaler om bruksrett.

Bruksrett kan òg verte stifta ved hevd.

Bakgrunnsstoff endre

Andre kjelder endre