Opna hovudmenyen
Bucaramanga
Styresmakter
Land Colombia
Mayor Luis Francisco Bohorquez
Geografi
Flatevidd
 - By

165 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
 - Storbyområde

530 900
1 212 657
Koordinatar 7°7′7″N 73°6′58″WKoordinatar: 7°7′7″N 73°6′58″W
Høgd over havet 959 m
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Postnummer 680001-680011
Telefon-retningsnummer 57 + 7
Nettstad: www.bucaramanga.gov.co
Plassering
Colombia - Santander - Bucaramanga.svg

Bucaramanga er hovudstaden i Santander-departementet i Colombia. Bucaramanga har den femte største økonomien ved BNP i Colombia, har lågaste arbeidsløysa, og har den åttande største folkesetnaden i landet, med ca. 530 000 innbyggjarar. Bucaramanga har over 160 parkar spreidd over heile byen, og har fått kallenamnet 'La Ciudad de Los Parques', parkbyen.

Frå 1960-talet voks byen mykje, for det meste inn i nabokommunane i hovedstadsområdet. Kommunane Floridablanca, Girón and Piedecuesta er uløyseleg knytt saman geografisk og kommersielt med Bucaramanga, saman utgjer dei Bucaramanga hovedstadsområde i Colombia med 1 276 329 innbyggjarar.

Byen er sete for teknologiske forskingssentre i ulike fagområde som energi, petroleum, korrosjon, asfalt, lær og agroindustri, dette inkluderer forskingsføretaket til det colombianske oljeselskapet Ecopetrol og gasselskapet Ecogas. Fottøyproduksjon er ein viktig del av industrien, i 2005 gjorde industri 16,5 % av alle bedrifter i Bucaramanga, og handel meir enn 50 %. Bucaramanga har posisjonert seg som kongressarrangør, og har infrastruktur som messe- og utstillingssenter.

HistorieEndra

Bucaramanga vart grunnlagt i 22.desember 1622, men byen Girón var den første og meste viktige byen som vart grunnlagt av spanske kolonistar i regionen. Først på byrjinga av 1800-talet innhenta Bucaramanga Girón i folkesetnad og økonomisk tyding. Tyske kjøpmenn og eventyrarar kom til Bucaramanga på 1860- og 1870-talet og Bucaramanga fekk godkjenning som hovudstad Santander-departementet frå 1886. Regionen vart satt attende av borgarkrigen 1899-1902, det medførte at Bucaramanga berre voks svakt i første halvleiken av 1900-talet.

Geografi og klimaEndra

Bucaramanga ligg på eit platå i Cordillera Oriental colombiansk Andes, ca. 960 moh. Mange menneske bur på ustabile landmassar i bratte skråningar. På austsida reiser Andesfjella seg opp til 3700 moh., på vestsida fell høgda til 600 moh. ned til Rio de Oro Canyon. Alle fire nabokommunane inneheld omfattande landlege område, trass nyleg urbanisering.

I følgje Köppen si klimaklassifisering har Bucaramanga eit vanlegvis tropisk monsunklima, sjølv om det er ein påviseleg kjølig versjon av klimaet. Byen slepp så vidt unna tropisk regnskogklima fordi den tørraste månaden, januar, i gjennomsnitt opplever i underkant av 60 mm nedbør. Sjølv om høgda over havet ikkje er vurdert som spesielt høg, er klimaet i Bucaramanga korkje varmt eller kaldt med ca. 22 grader Celsius døgnmiddeltemperatur. Samanlikna med byar på same gjennomsnittleg høgd, har Bucaramanga mykje kjøligare dagtemperaturar på grunn av kald vind som kjem ned dei austlege fjelltoppane; og nattetemperaturen er ikkje så låg grunna varmluft som stig opp frå dalsøkket i vest. Dette faktumet gjer at dagleg termisk svinging blir smalare enn for andre colombianske byar.

KjelderEndra

Referansar

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bucaramanga