Buksnesfjorden i Lofoten
68°06′48″N 13°35′58″E / 68.11333°N 13.59944°E Buksnesfjorden er ein fjord på Vestvågøy i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 7,5 km nordover til Leknes.
Fjorden har innløp mellom Ballstad i vest og Mortsund i aust. Det ligg fleire grender og gardsbruk langs det meste av begge fjordsidene. På austsida finn ein Pettvika, Ramsvika, Berg, Tofta, Hol og Fygle, og på vestsida Ballstadøya, Skottnes, Kjeøya, Skarsjøen, Gjerstad, Nystad og Buksnes, som fjorden er kalla opp etter. Vidare Gravdal som ligg nord for Busknes, og Storeidet som ligg mellom Gravdal og Leknes. Er 11km frå Ballstad langs vegen til Leknes innerst i Buksnesfjorden og 5km frå Gravdal til Leknes.
På vestsida går Fv998 og Fv997 går langs austsida av fjorden. På vestsida går Riksveg 818 og inst i fjorden Riksveg 815 og Europaveg 10.