Buse

(Omdirigert frå Busemann)

Ein buse er eit underjordisk vette som etter norsk folketru held til i haugar, steinar eller liknande naturformasjonar. Busar er gjerne rekna som farlege vesen ein lyt prøve å halde seg på godfot med.

Busar eller busemenn blei ofte bruka av vaksne til å skremme born.[1] Tydinga av ordet har seinare blitt utvida til å visa til eit overdrive skremmebilde brukt om til dømes ein politisk motstandar.

Omgrepet svarar til det engelske bogey. På begge språk kan òg ordet ha tydinga snottklump.[2]

Kjelder endre

  1. «buse». Store norske leksikon (på norsk). 29. desember 2021. 
  2. «buse» i Nynorskordboka.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.