Buzja (russisk Бужа) er ei elv i Vladimir oblast i Russland og ei av kjeldeelvane til Pra frå venstre i nedslagsfeltet til Oka.

Buzja
elv
Land  Russland
Lengd 88 km
Kjelde Sobinskij rajon i Vladimir oblast
 •  høgd 134 moh.
Munning Pra
 •  høgd 112 moh.
Kart
Buzja
55°55′58″N 40°11′44″E / 55.932777777778°N 40.195555555556°E / 55.932777777778; 40.195555555556
Wikimedia Commons: Buzha River

Buzja spring ut frå innsjøen Isikhra i ei høgd på 134 meter over havet og renn sørover gjennom fleire våtmarksområde, myrområde og skogar før ho munnar ut i innsjøen Svjatoje 112 meter over havet. Buzja har ei lengd på 88 km.

Dei største sideelvane hennar er Pol, Tasa og Karaslitsa.

Kjelder

endre