59°55′6.9312″N 10°42′12.967″E / 59.918592000°N 10.70360194°E / 59.918592000; 10.70360194

Bygdøy allé
veg
Bygdøy allé ved krysset med Thomas Heftyes gate.
Foto: Hans A. Rosbach
Land  Noreg
Fylke Oslo
Distrikt Bydel Frogner
Kart
Bygdøy allé
59°55′07″N 10°42′13″E / 59.91861111°N 10.70361111°E / 59.91861111; 10.70361111
Wikimedia Commons: Bygdøy allé, Oslo

Bygdøy allé eller Bygdø allé er ei gate i Oslo mellom Solli plass («Lapsetorvet») og Europaveg E-18, Sjølystveien, ved avkøyringa inst i Frognerkilen til halvøya Bygdøy. Mesteparten av Bygdøy allé ligg i stroket Frogner i Frogner bydel.

Gata er vidgjeten for kastanjetrea som står tett på kvar side på storparten av strekninga, og den årlege kastanjetrebløminga har vorte eit symbol på at våren enno ein gong er komen til Oslo.

Gata vart opparbeida i 1890 og gjeve namn året etter. Ho er ei av hovudgatene for trafikken frå sentrumsområda i Oslo og vestover. Fleire bussruter går gjennom gata. Forureininga frå trafikken har gjort skade på mellom anna kastanjetrea.

Bakgrunnsstoff endre