Bygdekinoen er eit mobilt film- og kinotilbod som reiser til stadar som ikkje har eigen, fast kino. Bygdekinoen viser filmar i alle typar lokale. Dei viser digitale filmar og 3D-filmar.

Bygdekinoen på ein av sine mange reiser rundt om i landet for å vise film. Her på YtreStadlandet

Bygdekinoen har eit årleg publikumstal på 130.000, fordelt på 180 spelestader.[1]

Norsk Bygdekino AS starta verksemda si 23. juli 1950. Selskapet hadde eit visst skattefritak, slik at det skulle vere mogleg for selskapet og nå ut på bygdene med film av god kvalitet. Frå 1969 vart selskapet lagt inn under Statens filmsentral. Med filmlova av 1987 vart den ambulerande kinoen flytta til Norsk kino- og filmfond, noko som innebar at staten overførte ansvaret for Bygdekinoen til kommunane, som eig filmfondet.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre