Computertomografi
medisinsk avbilding
(Omdirigert frå CAT-scan)
Computertomografi (CT) er ein radiologisk undersøkingsmetode. Det blir laga snittbilde (tomogram) som syner kroppslege strukturar i ulike plan, eventuelt tredimensjonalt. Ordet «tomogram» er avleia frå gresk tomos (snitt) og graphia (beskriving). Sjølv om bruk av CT er mest vanleg innanfor helsevesenet, blir det òg nytta innanfor andre område, t.d. materialprøving.