Canicattì

kommune i Italia

Canicattì er ein by og ein kommune i provinsen Agrigento i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har vel 35 000 ibuarar og har eit areal på 91,4 km². Byen ligg 465 meter over havet, 33 kilometer aust for provinshovudstaden Agrigento.

Midtbyen i Canicattì

Landbruk, særleg fruktdyrking, er hovudnæring i Canicattì, ved sidan av handel og annan tenesteyting.

I Nord-Italia vert canicatti ofte nytta som nemning om ein stad som ligg langt unna, og som ein ikkje veit stort om.

KjelderEndra