Captured av Journey
Captured Konsertalbum av Journey | ||
Utgjeve | 30. januar 1981 | |
Innspelt | The Forum i Montreal i Canada den 8. august 1980, Cobo Arena i Detroit 4. og 5. august 1980, Koseinenkin Hall i Shinjyuku i Tokyo den 13. oktober 1980, Fantasy Studios i Berkeley i California (studioinnspeling) | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 1:11:18 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Kevin Elson | |
Journey-kronologi | ||
---|---|---|
Dream, After Dream (1980) |
Captured | Escape (1981)
|
Singlar frå Captured | ||
|
Captured er det første konsertalbumet til Journey. Det vart spelt inn under Departure-turneen deira og kom ut 30. januar 1981 på Columbia Records. Albumet nådde niandeplassen på Billboard 200-lista[2] og selte to millionar eksemplar.[3]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Spor 1 til 4 var henta frå konserten deira i The Forum i Montreal i Canada den 8. august 1980. Spor 5 & 6 var frå konserten deira mot slutten av turneen i Koseinenkin Hall i Shinjyuku i Tokyo i Japan den 13. oktober 1980 og spor 7 til 16 kom frå to konsertar i Cobo Hall i Detroit den 4. og 5. august 1980.[4] Songen «Dixie Highway» var ikkje tidlegare spelt inn for noko studioalbum av Journey. Til slutt på albumet vart det plassert eit studioopptak av songen «The Party's Over (Hopelessly in Love)», som kom ut på singel.
I notata i omslaget var albumet dedisert til AC/DC-songaren Bon Scott, som omkom i februar 1980.
Dette var det siste Journey-albumet med klaverspelaren og grunnleggjaren Gregg Rolie.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Majestic» (førinnspelt instrumental) | Neal Schon, Steve Perry | 0:41 |
2. | «Where Were You» | Perry, Schon | 3:22 |
3. | «Just the Same Way» | Gregg Rolie, Schon, Ross Valory | 3:37 |
4. | «Line of Fire» | Perry, Schon | 3:25 |
5. | «Lights» | Perry, Schon | 3:30 |
6. | «Stay Awhile» | Perry, Schon | 2:24 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Too Late» | Perry, Schon | 3:44 |
8. | «Dixie Highway» | Perry, Schon | 6:51 |
9. | «Feeling That Way» | Perry, Rolie, Aynsley Dunbar | 3:14 |
10. | «Anytime» | Rolie, Roger Silver, Robert Fleischman, Schon, R. Valory | 4:27 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Do You Recall» | Rolie, Perry | 3:26 |
12. | «Walks Like a Lady» (inkl. gitarsolo av Neal Schon) | Perry | 7:05 |
13. | «Lă Do Dā» (inkl. trommesolo av Steve Smith) | Perry, Schon | 7:02 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «Lovin', Touchin', Squeezin'» | Perry | 5:14 |
15. | «Wheel in the Sky» | Schon, Fleischman, Diane Valory | 5:03 |
16. | «Any Way You Want It» | Perry, Schon | 3:39 |
17. | «The Party's Over (Hopelessly in Love)» (studioinnspeling) | Perry | 3:43 |
Medverkande
endre- Bandmedlemmar
- Steve Perry - solovokal
- Neal Schon - gitar, vokal
- Gregg Rolie - klaverinstrument, vokal
- Ross Valory - bass, vokal
- Steve Smith - trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Stevie «Keys» Roseman - akustisk piano og klaverinstrument på «The Party's Over (Hopelessly in Love)»
- Produksjon
- Kevin Elson - produsent, lydteknikar, miksing
- Clifford Bonnell, Daniel Aumais, Guy Charbonneau, Akira Fukuda, Tom Suzuki - assisterande lydteknikarar
- Wally Buck - assisterande lydteknikar for studioinnspeling
- Bob Ludwig - mastering
Salslister
endre
|
|
Salstrofé
endreLand | Organisasjon | År | Salstal |
USA | RIAA | 1994 | 2× Platina (+ 2 000 000)[3] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Captured (Journey album)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kurutz, Steve. «Journey Captured review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 26. mai 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Captured Billboard Albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 26. mai 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «RIAA – Searchable Database: Journey». Henta 31. januar 2020.
- ↑ «Journey's Past Tour Information». The Journey Tribute Page. Henta 26. mai 2020.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 34, No. 22, May 09 1981». Library and Archives Canada. 9. mai 1981. Arkivert frå originalen 28. desember 2012. Henta 26. mai 2020.
- ↑ ジャーニー - クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på japansk). Oricon. Henta 27. mai 2020.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 «Captured Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 26. mai 2020.
- ↑ «Top Singles - Volume 34, No. 19, 18. april 1981». Library and Archives Canada. 18. april 1981. Arkivert frå originalen 28. desember 2012. Henta 26. mai 2020.