Carly Patterson
Carly Rae Patterson (fødd 4. februar 1988) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar frå Baton Rouge i Louisiana som vart olympisk meister i mangekamp under Sommar-OL 2004 i Aten.
Carly Patterson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 4. februar 1988 (36 år) Baton Rouge |
Idrett | turn |
Tok del i | Turn under Sommer-OL 2004 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2004 – Bom kvinner |
Patterson kom på andreplass i mangekampen ved Turn-VM 2003, der ho også fekk ein gullmedalje med USA sitt mannskap i lagtevlinga. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 sigra ho i mangekampen, medan det vart sølv i bomøvinga og i lagtevlinga.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Carly Patterson» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2022.