Cayenne-elva

Cayenne-elva er ei elv i Fransk Guyana i kommunenen med same namn, Cayenne, som også er hovudstaden i Fransk Guyana.

Cayenne-elva
Rivière de Cayenne
elv
Vueducielcayenne.JPG
Estuaret til Cayenne-elva ved Cayenne
Land Flag of France.svg Frankrike
Region Fransk Guyana
Kommune Cayenne
Lengd 43,7 km

Cayenne-elva
4°54′51″ N 52°20′58″ W
Wikimedia Commons: Rivière de Cayenne

NamnEndra

Innfødde wayanafolk kalla elva Kalani eller Caiane, eit namn det verker som dei brukte om store elver og estuar. Namnet kan også ha vore opphav til namnet Guyana (Guyane).

LøpEndra

 
Kart over Cayenne-øya og Cayenne-elva frå 1700-talet.

Cayenne-elva byrjer der Tonnegrande frå nord og Cascades frå sør renn saman, ved byen Tonnegrande. Elva er 43,7 km lang[1] om ein tel frå kjeldene til desse elvene. Elvestykket som ber namnet Cayenne er berre rundt 15 km langt.

Nær munningen, ved byen Cayenne, tek Cayenne imot elva Montsinéry.

Saman med elva Tour de l'île sør for Cayenne og Mahury i aust gjer elva Cayenne til ei øy, kjend som île de Cayenne.[2]

KjelderEndra

  1. «Fiche cours d'eau (43.7)». Service d'administration nationale des données et référentiels sur l'eau (Sandre). Henta 28. juli 2014. 
  2. «France, le trésor des régions», tresordesregions.mgm.fr, henta 29. august 2019