Cdparanoia
cdparanoia er ein CD-rippar for Linux og UNIX, som er laga for å overføra data så feilfritt som muleg frå CD til ei lydfil. cdparanoia er i stand til å kompensera for feiljusterte CD-lesarar. Det er støtte for lydfilformata Wave, AIFF, AIFF-C og raw.
Cdparanoia | |||
Utviklar | Xiph.Org Foundation | ||
---|---|---|---|
Nyaste versjon | 10.2 (11. september 2008)[1] | ||
Operativsystem | Linux, Unix-variant, BeOS | ||
Sjanger | Lydteknologi | ||
Type | CD ripper | ||
Lisens | GNU General Public License | ||
Nettstad | https://xiph.org/paranoia/ |
cdparanoia starta som ein modifikasjon av cdda2wav, i 1994, men utvikla seg snart til eit eige prosjekt. Versjon III kom ut i 1998. Programmet er svært minimalistisk, men det finst fleire grafiske overbygg, som til dømes XCFA, som gjer det lettare å nytta. Slike overbygg legg som oftast òg til meir funksjonalitet, som støtte for fleire filformat.
Kjelder
endre- ↑ «CDDA Paranoia News». Henta 7. januar 2018.