Cecilie Ore

Cecilie Ore (fødd 19. juli 1954) er ein norsk komponist fødd i Oslo. Ho har komponert instrumentale, vokale og elektroakustiske verk og vunne fleire prisar.

Cecilie Ore
Cecilie Ore.jpg
Fødd19. juli 1954 (68 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Verka somkomponist
PrisarArne Nordheims komponistpris, Hans Christian Ostrøs minnepris, Edvard-prisen

Cecilie Ore studerte klaver ved Norges musikkhøgskole og i Paris (1974-81) og fortsette deretter med komposisjonsstudiar ved Institutt for Sonologi i Utrecht og med Ton de Leeuw ved Sweelinck-konservatoriet i Amsterdam (1981-86).

I løpet av 1980-åra vart Ore internasjonalt anerkjend for fleire av dei elektroakustiske verka sine. Blant anna vann ho både 1. og 2. pris ved International Rostrum for Electro-Acoustic Music 1988 for Etapper. Same året mottok ho Norsk Komponistforening sin pris Årets Verk for orkesterverket Porphyre, og Statens Garantiinntekt for Kunstnere.[1] I 2004 fekk Ore Arne Nordheims komponistpris.

Utvalde verkEndra

  • 1984 – Helices
  • 1984 – Im-Mobile
  • 1986 – Porphyre
  • 1988 – Etapper
  • 1988–89 – Praesens Subitus
  • 1991 – Erat Erit Est
  • 1992 – Futurum Exactum
  • 1992–93 – Lex Temporis
  • 1993–94 – Nunc et Nunc
  • 1997 – Ictus
  • 1999 – Nunquam Non
  • 2003 – A – Ein skuggeopera
  • 2008 – Dead Beat Escapement
  • 2013 – Come to the Edge!
  • 2015 – Adam & Eve – a Divine Comedy
  • 2016 – Dead Pope on Trial
  • 2017 – The Fig Leaf Campaign! For vocal ensemble or choir
  • 2017 – The Pregnant Pope! For vocal ensemble or choir

KjelderEndra

  1. AuthorBeate, Cecilie Ore, arkivert frå originalen 2019-11-08, henta 8. november 2019