Cecina i Livorno

kommune i Italia

Cecina er ein by og ein kommune i provinsen Livorno i Toscana-regionen i Italia. Kommunen har i kring 28 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 42,5 km². Byen ligg ved Tyrrenhavet, sjølve bysentrum ligg 2-3 km frå kystlinja. Byen har namn etter elva Cecina som renn gjennom byen.

Hovudgate i Cecina

Handelsbyen Cecina voks fram kring midten av 1800-talet. Han vart mykje øydelagd under andre verdskrigen. Sterk gjenoppbygging gjer at Cecina i dag framstår som ein moderne by.

Syklisten Paolo Bettini er frå Cecina.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra