Cel-shading eller toon-shading er ein type ikkje-realistisk omforming designa for å få tredimensjonal datagrafikk til å sjå flat ut ved å bruka eit mindre fargespekter i staden for fargegradientar eller nyansar. Ein cel-shader er ofte brukt for å etterlikna stilen til ein teikneserie eller ein teiknefilm og/eller gje ei papirliknande framstilling.[1]

Døme på normal shader (venstre) og cel-shading (høgre)

Det finst liknande teknikkar som kan få eit bilete til å sjå ut som ei skisse, eit oljemåleri eller eit tusjmåleri. Namnet kjem av «cel» (kort for celluloid), blanke ark av acetat som vart måla på til bruk i tradisjonell todimensjonal animasjon.[2]

Kjelder endre

  1. «Stylized Rendering Post Processing». docs.unrealengine.com (på engelsk). Henta 13. september 2019. 
  2. Hachigian, Jennifer. «Celshader.com FAQ». Arkivert frå originalen 23. februar 2022. Henta August 2, 2005. 
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.