Cernunnos var ein førkristen keltisk gud som vart framstilt som ein mann med eit gevir på hovudet. Namnet på guden, som er kjend frå ein romersk biletsøyle, Nautae Parisiaci funne i Paris, syner til dette geviret. Denne søyla har namngjevne bilete av fleire romerske og keltiske gudar, og er tidfesta til keisar Tiberius' regjeringstid (14–37 e.Kr.) på grunnlag av ei innskrift som vier ho til eit laug for sjøfolk som siglar på elva Seinen.

Framstillinga av Cernunnos på biletsøyla Nautae Parisiaci. Det er keltiske halsringar som heng i geviret hans. Cernunnos på Gundestrupkjelen syner òg fram ein keltisk halsring i høgre handa, og har sjølv ein slik ring kring halsen.
Biletsøyla Nautae Parisiaci med bilete av romerske og keltiske guddommar og innskrifter med namna deira, mellom anna Cernunnos.
Cernunnos på Gundestrupkjelen.

Det finst ikkje litterære framstillingar frå gamal tid om Cernunnos, men nokre innskrifter og bilete på steinrelieffar frå særleg dåverande Gallia, og det som no er Spania og Nord-Italia, kan knytast til han. Kva guden har stått for i keltisk mytologi er lite kjend, men bileta kan tyde på at han hadde med dei ville dyra å gjere. Ei framstilling av ein sittande mann med eit stilisert hjortegevir på hovudet som er å sjå på eit kar av sylv frå jarnalderen, Gundestrupkjelen, funne i Nord-Jylland i Danmark, vert tolka som guden Cernunnos. Her har han fleire dyr kring seg, og held ein lang orm i venstre handa.

I mellomalderen vart Antikrist i fleire høve framstilt i ein Cernunnosliknande skapnad.

Bakgrunnsstoff endre